Frå Stølen til Sør-Korea: Kva gjer norske bibliotekarar i utlandet?
Tekst og foto: Dorthe Sofie Dale
Laurdag 8. august byrja eg reisa til Sør-Korea for å delta på IFLA’s World Library and Information Congress i Busan. Med ein plakat i handa og engasjementet til ein som er 8 månader inn i ein bibliotek-karriere, tok eg på meg oppdraget for å presentere Lier biblioteks kortspel Active Citizenship, eller KRATOS på norsk. Etter 10 år var eg endeleg tilbake i Asia, med ei mellomlanding i mitt tidlegare heimland Kina. Eg var klar for å drikke banan-kaffi frå kioskene og ete altfor mykje kimchi. Men mest av alt, var eg klar for å møte bibliotekfolk frå heile verda.

Lier bibliotek ut i verda
The International Federation of Library Associations (IFLA) samlar nasjonale bibliotekforeiningar og bibliotekarar frå heile verda, med World Library and Information Congress (WLIC) som eit høgdepunkt. Årets tema var Libraries Powering Transformation og her passa det heilt perfekt å ha med kortspelet KRATOS. KRATOS er eit gratis nedlastbart demokratikortspel der ein, i grupper, skal prøve å redde hovudpersonen frå demokratisk samanbrot. Her jobbar ein med å skape ei forteljing, diskutere reelle verdsproblem, finne løysingar og byggje empati for folk i ulike livssituasjonar.
IFLA er ein organisasjon eg hadde følgt frå sidelinja. Sjølv som medlem hadde eg ikkje vore aktiv i ein seksjon, og det var litt intimiderande å finne ut korleis man skulle byrje med å engasjere seg. Så det å ta med eit prosjekt gjorde det litt meir konkret å delta på WLIC. Eg hadde noko der å gjere. Men, det behøvde eg eigentleg ikkje å vere bekymra for. 3,100 deltakarar frå over 110 land strøymde rundt meg, og eg visste at vi alle hadde det same ønsket: å lytte til og lære frå kvarandre.
Samarbeid, fellesskap og tillit er dei tre orda som sit att med tanke på årets program. Eg tenkjer framleis på korleis Keynote Speaker Sohail Inayatullah fekk oss til å diskutere framtidas bibliotek, på kva Randa Al Chidiac fortalde om bibliotekarar i Libanon som samarbeider med militæret for å bevare kulturminne etter bombinga i Beirut, og på fish-bowl diskusjonen om KI og etikk. Og sjølv om ikkje alle delte dei same meiningane om korleis ein løyser oppgåver i dagens bibliotek, éin ting var klar og tydeleg; det er ingen bibliotek utan tilliten og deltakinga til publikum.
Demokratiske verktøy
Demokrati og korleis det kan integrerast i bibliotekpraksis er noko biblioteksjefen i Lier, Aleksander Kristung, føler kortspelet KRATOS har byrja å knekke koden på. Kortspelet vart utvikla i internasjonalt samarbeid med Lier bibliotek, Boost Your Thinking og kunstnar Anne Britt Rage. Spelet er designa av illustratør Karstein Volle. Dei hadde eit ønske om å skape eit verktøy som bibliotek kunne bruke i ein demokratisk samanheng, og byggje vidare på demokratisatsinga til Lier bibliotek, Res Bibliotheca.
Med ein forskingsbakgrunn i norsk eksepsjonalisme, demokrati og korleis det påverkar norske folkebibliotek, føler eg meg veldig heldig som får moglegheita til å representere kortspelet i utlandet. Men denne bakgrunnen får meg òg til å tenke på kva Norden tek med i ein internasjonal samanheng, og ikkje minst på korleis vi framstiller oss sjølve. Norsk eksepsjonalisme er ideen om at rasisme og andre former for diskriminering ikkje finst i Noreg, og at vi framstiller oss sjølve som eksepsjonelle på verdsbasis, spesielt som ein velferdsstat og fredsmeklar. Med det i bakhovudet, det viktigaste eg føler nordmenn kan ta med seg til utlandet er ein vilje til å lære, ikkje berre å lære bort.

Er det vits i å satse internasjonalt? I samtale med Jorun Systad og Aleksander Kristung
Det var fleire som kommenterte den dalande norske deltakinga på WLIC dei siste åra, og ein kan sjølvsagt spekulere i grunnane til dette. Anten det er større interesse for andre konferansar, andre prioriteringar hos Nasjonalbiblioteket eller dårleg økonomi og færre ressursar. Men, eg ville heller høyre om kvifor nokon vel å satse uansett. For å få litt breiare innsikt i kvifor det å jobbe internasjonalt har ein verdi for det norske bibliotekfeltet, hadde eg samtalar med to biblioteksjefar: Jorun Systad, biblioteksjef i Sunnfjord og tidlegare leiar for Libraries for Children and Young Adults-seksjonen i IFLA, og Aleksander Kristung, biblioteksjef i Lier.
«Det er ganske viktig å lyfte blikket for å få fleire perspektiv inn på eigen verksemd og andres verksemd» var ein innleiande tanke frå Kristung om kvifor internasjonalt arbeid er verdt å satse på. Anten det er ein konferanse, samarbeidsprosjekt eller jobb-skugging. «Og så tenker eg at vi deler mange av dei same utfordringane og moglegheitene på tvers av landegrenser».
Det siste sentimentet om delte utfordringar og moglegheiter nemner også Systad i samband med kvifor ho har vore med i IFLA i så mange år. «Korleis bibliotek over heile verda fungerer, så har vi faktisk utruleg mange likheitstrekk. Meir enn ein skulle tru …. Samfunna våre er bygde opp veldig forskjellig, men likevel så sit vi med ei teneste som vi skal tilby som er ganske lik». Systad nemner også kor inspirerande det er å jobbe med folk frå heile verda, «eg føler jo på ein måte at det gir ein kreativitet i mitt arbeid som eg kan ta med meg … [og] du utviklar deg som menneske, ikkje berre som leiar, men som menneske ved at du lærer om andre og møter andre kulturar».
Etter å ha høyrt på fleire panelsamtalar under konferansen der bibliotekarar frå land i krigssituasjonar eller som jobba med sensur delte erfaringane sine, spurde eg kva Kristung og Systad tenkte det norske bibliotekfeltet kan lære av slike erfaringar. I tilknytning til book-bans, «det er mykje vi kan lære av, og det bør vi eigentleg gjere sånn beredskapsmessig» seier Kristung. Systad byggjer òg på eigne erfaringar frå covid-19-pandemien: «vi er viktige i ein beredskapssituasjon … biblioteket er løysingsorientert, og dei tek mandatet sitt som samfunnsutviklar veldig på alvor». Sjølv om vi ikkje deler alle utfordringar som andre bibliotek og land har, er det ein tydeleg overførbarheit som vert dregen fram og som kan spelast inn i vår praksis.

Stor takk til Bibliotekarforbundet for stipend, Jorun Systad og Aleksander Kristung for spennande samtalar og støtte, og ikkje minst takk til alle som var i Busan og gjorde det til ei av dei beste opplevingane eg har hatt.
For å laste ned eller lære meir om KRATOS og Res Bibliotheca: https://lieropplevelser.no/res-bibliotheca/



canva prathan chorruangsak