Tillitsvalde ved HVL vil opne BF for universitetsbibliotekarane

Det er krevjande å vere lita fagforeining i ein stor høgskule. Medlemstalet tel mykje når ein skal gjere seg gjeldande. Ved Høgskulen på Vestlandet vil dei svært gjerne at komande BF-landsmøte gjer endringar i medlemskriteria. Då kan dei invitere universitetsbibliotekarane inn.

Christoffer Naustdal og Kari Elin Røyrane er avtroppande og påtroppande tillitsvalde ved Høgskulen på Vestlandet. (Foto: Erling Bergan)


– Vi har alltid hatt flat struktur, sidan vi ikkje har vore så mange medlemar her. Vi har berre fordelt oppgåvene mellom oss, seier Kari Elin Røyrane.

Ho har vore tillitsvald ved Høgskolen i Bergen i ei årrekkje. For to og eit halvt år sidan fusjonerte dei med Høgskolen i Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane, og blei til Høgskulen på Vestlandet (HVL). Og dei 10 BF-medlemmane har altså fordelt det som skal gjerast seg imellom.

Vi møter ho saman med Christoffer Naustdal i biblioteket på HVLs campus på Kronstad i Bergen. Christoffer er vald til tillitsvald etter henne. Ei med lang erfaring og ein som er relativt fersk som BF-tillitsvald.

– Det er tre område BF har vore representert på. Informasjons- og drøftingsmøte med fellesadministrasjonen, tilsettingsrådet for bibliotekarar og lønsforhandlingar, fortel dei.

– Kva skjer på informasjons- og drøftingsmøte?

Kari Elin: – Det er for det meste informasjon frå leiinga som gjeld fellesadministrasjonen (FA), tilsetjingar, informasjon om nybygg, arbeidsforhold m.m. Kravet har vore at fagforeiningar må ha 10 % av dei tilsette som medlemmar for å ha rett til å delta på desse møta. Og då kjem BF til kort. Den siste tida før fusjonen sat eg i desse møta utan å seie ifrå om at vi var under grensa. Men nå er vi heilt ute, akkurat som NITO og andre som har for få medlemmar til å vere med. Dei er strikse på dette i den nye høgskulen. Det er berre dei fem store som får vere på informasjons- og drøftingsmøte no: Utdanningsforbundet, Forskerforbundet, Sykepleierforbundet, NTL og Parat.

– Kan BF likevel påverke indirekte på andre måtar?

Kari Elin: – Det har blitt fjernt for oss no, men gjennom Unio sine representantar kan vi ha innverknad. Men eg veit ikkje eingong kor eg finn referata frå desse møta. Etter fusjonen veit vi mindre om kva som skjer i organisasjonen.

– Kva rolle spelar BF i tilsettingar ved biblioteka i HVL?

Christoffer: – Eg har vore med i tilsettingsråd tidlegare. No er dette også sentralisert. Vi er ikkje med der lenger heller.

Representert i lønsforhandlingar

– Vil dette seie at de er i ein slags mellomsituasjon og ikkje heilt veit korleis BF kan få innverknad i den nye høgskulen?

Kari Elin: – Vi har representantar som kan møte i lønsforhandlingar. Der kan vi sitje ved bordet saman med dei store. Der har vi forhandlingsrett på lik linje med alle dei andre. Det er linja HVL har lagt seg på her, så lenge dei ikkje følgjer hovudsamanslutningsmodellen. Alle er med. Då er vi også to frå BF som er i forhandlingar. I fjor brukte vi tre dagar til dette.

– Så det er berre i lønsforhandlingar BF er sikra medverknad?

Kari Elin: – Ja, og ved reforhandling av HVLs lokale lønspolitiske retningslinjer vart vi kalla inn per Skype, men ikkje inviterte på samling om emnet. Men vi har eit godt samarbeid med Unio sine representantar.

Universitetsbibliotekarar

– Det høyrest ut som BF har fått minska påverknad i høgskulen etter fusjonen?

Kari Elin: – Ja, og det er fordi vi er så små. No er vi 10 medlemmar, men vi har vore fleire. Dei med vanleg bibliotekarutdanning sluttar, dei nye som blir tilsette er universitetsbibliotekarar. Og desse får jo ikkje vere med i Bibliotekarforbundet når dei ikkje har nok bibliotekfag i fagkrinsen. Sånn er vedtektene i BF. Då går dei til Forskerforbundet og NTL.

– Har universitetsbibliotekarane vist interesse for BF?

Kari Elin: – Det har ikkje vore noko tema, for det har ikkje vore mogeleg for dei å bli medlem.

Christoffer: – Dei fleste universitetsbibliotekarar har ikkje hatt bibliotekfag i studiet sitt. Men det finst unntak. Eg har stilling som universitetsbibliotekar, og eg har bibliotekfag i fagkrinsen. Men det er fordi eg har bibliotekarutdanning med master frå Borås.

Bør endre medlemskriteria

– Korleis verkar dette inn på vurderinga av medlemskapskriteria i BF, skulle de ynskje at universitetsbibliotekarane kunne bli inviterte inn?

Kari Elin: – Ja, eg meiner det. Slik vi har det no, mister vi medlemmar heile tida.

Christoffer: – Det er nesten ingen nytilsette som har hatt bibliotekarutdanning dei siste åra.

Kari Elin: – Og no er vi fleire BF-medlemmar her som er godt over 60.

Christoffer: – Om nokre år kan Bibliotekarforbundet være nede på 5-6 medlemmer på biblioteka i HVL, av rundt 40 tilsette.

– Og det vil seie at de ynskjer medlemskriterium utan krav til kor mange studiepoeng bibliotekfag dei har i bachelor- eller mastergraden?

– Det hadde absolutt vore ein fordel om vi kunne tatt inn kollegaer som er universitetsbibliotekarar, seier den erfarne høgskuletillitsvalde Kari Elin Røyrane, med klår adresse til debatten om kven som kan bli medlem i BF. (Foto: Erling Bergan)

Kari Elin: – Ja, dette er jo diskusjonen vi hadde på siste landsmøte, som enda med at spørsmålet skulle greiast ut meir. Så får vi sjå kva ein kjem fram til. Men slik eg ser det no, hadde det absolutt vore ein fordel om vi kunne tatt inn kollegaer som er universitetsbibliotekarar, som er i den stillingskoden.

– Opplever de fagleg fellesskap mellom bibliotekarar og universitetsbibliotekarar?

Christoffer: – Ja, absolutt. Vi har same fokus.

Kari Elin: – Vi er jo ganske få tilsette på biblioteket, i forhold til heile høgskulen. Bibliotekarane er få blant mange i Forskerforbundet.

Christoffer: – Eg merkar at andre forbund med bibliotekarar som medlemmar, ikkje heilt veit kva bibliotekarane gjer. Då spør dei gjerne oss.

– Er det teikn på at det er fordelar med å ha bibliotekarar som forhandlar for bibliotekarar?

Kari Elin: – Ja, det har eg meint heile tida. Då eg kom hit, var eg aleine som BF-ar. Då opplevde vi at bibliotekarar i andre forbund etter kvart kom til oss. Dei såg poenget med at vi forhandlar for eiga yrkesgruppe.

Kompetansen dei har bruk for

– Når det no blir tilsett fleire i stillingskode universitetsbibliotekar, så blir det ei forskyving av personale frå klassiske bibliotekarar til folk med anna utdanning?

Christoffer: – Vi har nett hatt to ledige stillingar lyst ut som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar, med fortrinnsvis bibliotek- og informasjonsvitskap i fagkrinsen. Det står i annonsen. Det skil seg litt frå tidlegare utlysingar.

Kari Elin: – Dette har samanheng med at biblioteket er organisert i fire einingar, for studiestøtte, forskingsstøtte, publikums-tenester og informasjonsressursar. Og då er det spørsmål om kva for eining dei bibliotekarstillingane ein lyser ut no skal plasserast inn. Dei vil ikkje lyse ut ei stilling til forskingsstøtte som vanleg bibliotekar, då blir det som universitetsbibliotekar. Og vi har jo bruk for den kompetansen. Det blir stilt krav til oss på det feltet.

– Så desse endringane er ikkje vrangvilje overfor bibliotekarar, men for å dekke eit reelt behov?

Kari Elin: – Ja, det er til dømes stort fokus på akademisk skriving.

Biblioteka i HVL opplever endra kompetansekrav når stillingar lysast ut: – Det dreier seg òg om rettleiing i referansehandtering og formidling, men òg å forstå korleis ulike informasjonssystem snakkar saman. Det er mykje fokus på system, noko ikkje alle bibliotekarar handterer heller, seier den nye BF-tillitsvalde Christoffer Naustdal. (Foto: Erling Bergan)

Christoffer: – Det dreier seg òg om rettleiing i referansehandtering og formidling, men òg å forstå korleis ulike informasjonssystem snakkar saman. Det er mykje fokus på system, noko ikkje alle bibliotekarar handterer heller. Det kan vere ting som SQL, XML og CSS. Dette er delvis i utdanninga, men det er ikkje så mange som har det som hovudfokus.

Mykje pengar i potten

– Det nærmar seg mogelege lønsforhandlingar igjen. Korleis gjekk det her i fjor?

Christoffer: – Det var mykje pengar i potten. Mange leiarar hadde fått tilbod om stillingane sine i den nye høgskulen like før forhandlingane, så dei hadde slik sett forhandla utanfor potten. Då blei det meir å fordele på alle oss tilsette.

– Alle blei nøgde?

Christoffer: – Ja, eg trur alle blei ganske nøgde. Det var nok unikt.

Kari Elin: – Det gjekk i mange omgangar og var ein ryddig prosess. God stemning. Vi hadde krav på alle våre medlemmar, men for høgskulen samla sett var dette få krav. Vi kunne fokusere berre på bibliotekarane, og fekk full utteljing på alt. I forhold til medlemsmassen fekk BF meir enn forventa. Oppgjeret var oppløftande for oss. Vi vart litt overraska sjølve.

Christoffer: – Neste år kan det bli ein heilt annan prosess.

Mykje skyping

– Korleis går samspelet mellom kollegaene no som de er fem campus innanfor same høgskule?

Kari Elin: – Vi ved Høgskolen i Bergen var organisert med einingar (for ulike funksjonar, ikkje ulike tenestestader, red.anm.) før fusjonen også, så vi hadde allereie køyrt oss inn i modellen. I den nye høgskulen no har vi leiar for heile bibliotektenesta i HVL her i Bergen, og tre av dei fire einingsleiarane er også her. Det er berre einingsleiaren for publikumstenester som er i Haugesund.

– Det vert mykje skyping?

Kari Elin: – Ja, vår eining for informasjonsressursar har berre to kollegaer som ikkje er i Bergen, og vi har skype-møte kvar torsdag.

– Greier BF å overskride avstandane i høgskulen like greitt?

Kari Elin: – BF har eit medlem på Stord, tre i Sogndal og seks her i Bergen. Samarbeidet går greitt. Ein frå Sogndal, som har vore med på lønsforhandlingar tidlegare, tek årets runde saman med Christoffer.

– Har de gjort framstøyt for å verve medlemmar her?

Kari Elin: – Vi spør nytilsette diskret om medlemskap. Det var ein periode der fleire og fleire melde seg ut av Forskerforbundet og inn i BF. Men med noverande medlemskriterier er det her i Bergen berre ein bibliotekar igjen som kan bli medlem. Vi får nok ikkje fleire medlemar her før medlemskriteria blir endra. Det har eg vore klar på.


[Artikkelen har stått i Bibliotekaren nr 2-2019]