Ja til mobile bibliotek!

I Bibliotekaren 1/2019 blir eg utfordra av Sigrid Furnes som er leiar i Mobilis til å sei noko om mobile bibliotektenester. Bakgrunnen er eit intervju eg gav i bladet om endringane i bibliotekstruktur.

Svein Arne Tinnesand er avdelingsdirektør i Nasjonalbiblioteket. (Foto: Erling Bergan)

Fyrst av alt, det ser ut til at Sigrid Furnes og eg har same synet på korleis bibliotekstrukturen i kommunane kjem til å utvikle seg. Mitt hovudsyn er at nye bibliotekbussar og andre mobile einingar må vere tilpassa lokale forhold, mobile einingar er ikkje eit mål i seg sjølv. I innlegget refsar Furnes meg for å kalle bokbussane for svære maskiner. Eg er einig i at det var litt flåsete men eg trur ikkje me skal gjere debatten om dei mobile tenestene til ein debatt om CO2 utslepp, men om kva slags bibliotektenester me ønskjer oss.

Sjølv om eg ikkje kjenner igjen det sitatet som er lagt inn i artikkelen «…men, drift av mobile tenestetilbod må sjåast i samanheng med kommunen sitt samla bibliotektilbod og er eit kommunalt ansvar», er dette som Furnes seier, noko som er sjølvsagt. Nasjonalbiblioteket si rolle er å bidra til bibliotekutvikling, ikkje å drifte tilboda. Dei siste fire åra har både arenamidlar, utviklingsmidlar og bokårsmidlar frå Nasjonalbiblioteket blitt brukt for å utvikle tenester på mobile bibliotekeiningar.

Furnes vil helst at eg skulle sagt noko om den gode litteraturkompetansen som kjem sjø- og landevegen. I dette intervjuet blei det ikkje plass til det, difor gjer eg det no. Norske folkebibliotek inkludert mobile einingar er stappfull av god litteraturkompetanse og har mange flinke formidlarar. Dagleg møter barn og vaksne i heile landet bibliotektilsette som med stor entusiasme og kunnskap formidlar litteratur, kunnskap og kultur. Eit resultat av dette er at biblioteka aldri har blitt meir brukt enn dei er no. For å kunne nytte denne kompetansen og nå fram til enno fleire folk må biblioteka etter mitt syn bli meir mobile enn dei er i dag. Biblioteka bør ikkje nøye seg med å vente på at folk kjem til biblioteklokala eller inn på bibliotekbussen, dei bør teste ut fleire måtar å komme ut til folk der dei er.

I dei siste åra har me blant anna i den nasjonale bibliotekstrategien naturlig nok lagt vekt på å styrke biblioteka som arena for formidling. Folkebiblioteket som arena vart skriven inn i biblioteklova i 2013 og er ein viktig grunn til at biblioteka har lykkast dei siste åra. I åra framover bør me og rette blikket mot andre delar av biblioteklova si formålsparagraf. Ei anna av endringane som blei gjort i 2013 var at biblioteka skulle drive aktiv formidling. Aktiv formidling kan vere at biblioteka faktisk kjem seg ut av lokala sine og oppsøkjer folk der dei er. Det bør vera eit mål for kommande bibliotekstrategi at fleire enn i dag skal kunne nytta godt av den gode litteraturkompetansen som finns i norske bibliotek.


Foto: Henry Söderlund/CC