Bibliotek berre i byar og tettbygde strøk?

- Eg har til gode å sjå eit innlegg med positiv omtale av mobile bibliotektenester frå dei som representerer nasjonal bibliotekpolitikk, skriv Sigrid Furnes, leiar i Mobilis, NBFs spesialgruppe for mobil bibliotekverksemd. Ho er kritisk til manglande draghjelp frå statleg hald. – Det er fristande å seia at det er snarare tvert om, skriv ho som tilsvar til kva Nasjonalbibliotekets Svein Arne Tinnesand sa i Bibliotekaren 4/2018.

Bokbussen Mime i Osterøy kommune tek meir enn gjerne imot ein delegasjon frå statleg hald, skriv artikkelforfattaren. (Foto: Sigrid Furnes)

Bibliotekaren 2018:4 har hovudfokus på bibliotekstruktur. Det er rett tid for eit slikt tema. Om mindre enn eitt år vil talet på kommunar minka med 70, og 19 fylke vil bli til 11. Redsla for at talet på bibliotekavdelingar skal reduserast er der, men det er å håpe og tru at dei fleste har budd seg på kommunereforma, og står fram som relevante og etterspurde kulturelle storstover på små og store tettstadar.

Kva med dei mobile biblioteka? Er dei relevante og etterspurde? To av dei som jobbar med mobile bibliotektenester og kjem til orde i tidsskriftet er Thomas Brevik, bokbåtbibliotekar, og Trude Hege Bergesen, biblioteksjef i Kvinnherad kommune. Kommunen er ein av få som har kjøpt ny bokbuss dei siste åra. I 2018 og 2019 får også fylkeskommunane Troms og Oppland nye bibliotekbussar. Det er ikkje kvart tiår at vi har ei slik oppblomstring av nye bokbussar her til lands.

Kvifor er det så mykje dårlegare stelt i Noreg enn i nabolanda våre. Er det noko som tilseier at det skal vere mindre trong for mobile bibliotektenester hos oss enn hos svenskane og finnane? Vidstrakt og grisgrendt er landet vårt, og avstandar til stasjonære bibliotek har auka frå år til år i takt med at bibliotekavdelingar forsvinn.

Draghjelp frå statleg hald får vi heller ikkje. Det er fristande å seia at det er snarare tvert om. I same utgåve av Bibliotekaren uttaler Svein Arne Tinnesand seg om filialstruktur og mobile bibliotektenester: «å kjøpe svære maskiner som du fyller diesel på og køyrer rundt i Norges land, det er ikkje noko mål i seg sjølv», seier han.

Miljøvenleg

Dagens bokbussar er ikkje svære maskiner. Det er berre å ta ein kikk på den nye bussen i Oppland fylke så vil ein sjå at dei store bussane ikkje dominerer blant nye bokbussar. Det vert stilt miljøkrav til både buss og båt, og det er å tru at alle aktørar – om det er båt, buss eller bil – tek i bruk den til ein kvar tid mest miljøvenlege teknologien. Bokbussane køyrer ikkje mange kilometer samanlikna med bilane som transporterer bøker frå Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana til alle biblioteka i Sør-Noreg.

Sigrid Furnes saknar positiv omtale av mobile bibliotektenester frå dei som representerer nasjonal bibliotekpolitikk. (Foto: Erling Bergan)

Eg har til gode å sjå eit innlegg med positiv omtale av mobile bibliotektenester frå dei som representerer nasjonal bibliotekpolitikk. Vi har hatt høve til å søkje utviklingsmidlar, men her har det også vore eit men: «..men, drift av mobile tenestetilbod må sjåast i samanheng med kommunen sitt samla bibliotektilbod og er eit kommunalt ansvar». Det er vel eigentleg ein sjølvsagt ting. Det er ingen som driv med bokbussar lausreve frå anna bibliotekdrift og utan mål og meining.

Fleksibilitet

Tinnesand har mange gode poeng i intervjuet med Erling Bergan, og det er vanskeleg ikkje å vere samd med han i ein del av det som vert sagt. Endra busetjingsmønster, endra infrastruktur, auka tilgang til e-bøker, er tilhøve som verkar inn på korleis vi driv biblioteksektoren best mogleg. Tinnesand meiner m.a. at vi kan vente ein vidare nedgang i talet på filialar. Då er det lett å vise til fleksibiliteten Trude Hege Bergersen seier ein bokbuss representerer kontra ein filial. Den fleksibiliteten kunne Tinnesand ha nemnt.

Trine Skei Grande snakka i eit intervju i radioprogrammet «Kurér» på NRK våren 2018 om kor viktig det er med bokbusstenester retta mot særskilde grupper, m.a. born. Thomas Brevik snakkar om bokbåten og den gode kultur- og litteraturformidlinga for born. Tinnesand kunne valt å snakke om den gode litteraturkompetansen som kjem sjø- og landevegen, med oppdaterte boksamlingar som på mange stader kompenserer for mindre ressurssterke skulebibliotek og nedlagde bibliotekfililar. Også Trine Skei Grande gløymer verdien av bibliotekaren sin bokkunnskap og formidlingsevne når ho snakkar om litteratur der folk er, anten ho meiner den skal vere på ei hylle i festlokalet eller i ein krok på Samvirkelaget.

Utjamnande tiltak

Haldninga frå statleg hald er at ansvaret for mobile bibliotek ligg hos fylkeskommunane og kommunane, og at dei ikkje skal handsamast særskilt. Men med rolla som utjamnande tiltak for dei som ikkje bur i store tettstadar, er dei ulike andre bibliotek. Det er eit stort ekstraløft for kvar kommune og fylkeskommune å skulle kjøpe ein bokbuss.

Tinnesand nemner i eit intervju i 2015 med Erling Bergan «Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg». Ordet bokbuss forsvann på eit eller anna tidspunkt som noko ein kunne søkje investeringstilskot til. Det er opp til den enkelte fylkeskommune som forvaltar av ordninga om bokbussar kan vurderast som tiltak ein kan søkje investeringstilskot til.

Bør vere spesifikt nemnd

Mobilis leverte høyringsuttale til kulturmeldinga «Kulturens kraft».

Bodskapen vår var at «bibliotekbussar på ny burde verte nemnde som eitt av tiltaka ein kan søkje midlar til i «Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg», slik det vart gjort tidlegare.
Slik er teksten i per i dag:

«Tilskuddene skal bidra til egnede lokaler, bygninger og utearenaer som gir rom for ulik kulturell virksomhet. Tilskudd kan gis til kulturhus, flerbrukslokaler eller spesiallokaler for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokaler, konsertsal eller formidlingslokaler for billedkunst».

Bibliotekbussar er spesifikt ulik dei tiltaka som er nemnde, og bør difor vere spesifikt nemnd som tiltak ein kan søkje tilskot til.

Dette kan Nasjonalbiblioteket jobbe for å få på plass.

Til slutt: Bokbåten Epos, bokbussen «Mime» på Osterøy eller ein anna bokbuss i Hordaland fylke, tek meir enn gjerne i mot ein delegasjon frå statleg hald. Underteikna er rimeleg sikker på at ein dag på Epos – med yrande liv av born og vaksne – vil få entusiasmen for mobile tenester opp både eitt og to hakk.


[Artikkelen har stått i Bibliotekaren nr 1-2019]