BF-tidsskriftet "Bibliotekaren" ville kome nærare eit svar på kva eit modellbibliotek er. Vi kunne reist inn til hovudstaden og spurt ABM-utvikling eller Kulturdepartementet. Vi valde å sjå det heile frå ein annan vinkel, og drog til Gloppen folkebibliotek i Sogn og Fjordane.
![]() |
| Trivselshagen er namnet på eit nybygg i Sandane, kommunesenteret i Gloppen. Her har folkebiblioteket funne sin plass, i eit fellesskap til gjensidig nytte. Dei er kombinasjonsbibliotek med den vidaregåande skulen, men utover det fann dei meir enn nok av samarbeidspartnarar i eigen kommune. (Foto: Erling Bergan) |
Inn i Trivselshagen
For eit år sidan flytta dei inn i Trivselshagen, bygget som er eit fellesprosjekt mellom Gloppen kommune og Sogn og Fjordane
fylkeskommune. Ingen har gitt Gloppen folkebibliotek merkelappen ”modellbibliotek”. Men kanskje dei - på sett og vis - er
det likevel?
- Her i bygget er det kulturskule. Det er kafé. Det er kino og teatersal. Det er undervisingsrom for Firda vidaregåande skule.
Og midt i alt dette er folkebiblioteket, fortel biblioteksjef Torill Berge - med eit stort smil.
Ho trivst når folkebiblioteket er til stades og samarbeidar med dei ulike aktivitetane i lokalsamfunnet. Det har dei gjort
i mange år. Men etter å ha flytta inn i Trivselshagen, har det blitt meir av dette.
Kombinasjonsbibliotek
Folkebiblioteket har ikkje flytta så mange metrane. Og dei driv framleis som kombinasjonsbibliotek, i samspel med Firda vidaregåande
skule. Men medan dei tidlegare var i eit reint skulebygg, er dei no i eit bygg som rommar mykje meir. I tillegg ligg det ein
barneskule og ein ungdomsskule like ved. Idrettsanlegg er også nære naboar til Trivselshagen. Og biblioteket nyter nærleiken
til alt dette, og dei samarbeidar på kryss og tvers.
- Vi har ikkje flytta så langt. Men vi ligg likevel i eit smørauge som er annleis enn før. Vi merkar til dømes at kulturskulen
er i same bygg som oss no. Det er ein aktiv kulturskule med 400 elevar. I løpet av ei vanleg arbeidsveke er det veldig mange
ungar innom der, hovudsakleg like etter at skulen er slutt. Mange er ikkje heimom etter skulen, og biblioteket er ein trygg
og god plass å vere medan dei ventar på at timen skal byrje på kulturskulen. Og så kjem dei vaksne og skal hente. Før, då
kulturskulen låg i sentrum, drog foreldra og handla eller gjorde andre ærend medan ungane var på kulturskulen. No slår dei
seg ned på biblioteket i staden. Ofte har dei med seg småsøsken, som også har det fint her, seier biblioteksjefen, som merkar
noko av den same effekten av nærleiken til idrettsanlegga.
![]() |
| Biblioteksjef Torill Berge (til venstre) og bibliotekar Ann-Kristin Vik Fløtre driv eit godt bibliotek på Sandane. Ein modell for andre? (Foto: Erling Bergan) |
Mange ærend i området
- Når eg låser biblioteket på ettermiddagen, og legg avisene ut i kafeen vegg-i-vegg med biblioteket, kan det sitte bestefedrar
som les avisene medan dei ventar på nokon som er på handballtrening. Den store skilnaden frå før, er at no har folk mange
forskjellige ærend i dette området. Tidlegare måtte du vere målbevisst bibliotekbrukar for å komme frå sentrum dei par hundre
metrane opp til oss, seier biblioteksjefen.
Av alle elementa som inngår i Trivselshagen, er det nok biblioteket som når breiast ut, som drar størst breidde, i alder og
type folk. Samstundes er det nok dei som har størst gevinst av mangfaldet i bygget og nærområdet.
Er Gloppen folkebibliotek ein modell?
I Stortingsmelding nr 23 ”Bibliotek : Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid” er omgrepet modellbibliotek
presentert slik: ”For å styrkje møteplassfunksjonen i folkebiblioteka vil Kultur- og kyrkjedepartementet arbeide for å synleggjere
folkebibliotek som kan vise til god funksjonalitet og gode partnarskap.”
Ja, er ikkje Gloppen folkebibliotek - midt i Trivselshagen på Sandane - eit framifrå døme på slike ”gode partnarskap”? Er
ikkje Gloppen folkebibliotek med dette eit slikt modellbibliotek?
- Om vi er modellbibliotek? Vi er i kvart fall ein modell, som ein gjerne kan sjå på. Men eg er i tvil om modellen er så uvanleg,
seier Torill Berge.
![]() |
| Elevane Anna og Marita frå Firda vidaregåande skule øver på framføring av eit litterært program i bibliotekets kulaste rom. Her kan både vaksne og barn halde konsentrasjonen, eller drøyme seg bort. (Foto: Erling Bergan) |
BF om modellbibliotek
I sitt innspel om bibliotekmeldinga til kulturkomitéen på Stortinget, sa BF blant anna: ”Modellbibliotek kan være nyttig -
vi forutsetter at modellbibliotekene støttes med midler til synliggjøring og videreutvikling slik modellskolene ble det.”
Og BF-tidsskriftet Bibliotekaren peika på at modellbibliotek var eitt av stortingsmeldinga sine tiltak som var befriande fritt
for modale hjelpeverb. Vi skreiv: ”Metoden med modellbibliotek kan vise seg å samsvare godt med mange av usikkerhetsmomentene
som bibliotekfeltet møter for tida. At veivalg skal prøves ut, forhåpentligvis på systematisk basis, vil kunne føre til både
kreativitet, kunnskapsbasert utvikling og et visst trøkk på bibliotekfeltet. Det vil også innebære at biblioteksjefer og bibliotekorganisasjoner
i større grad må forholde seg til modellbibliotekene når de bedriver bibliotekpolitikk.”
Bibliotekparaplyen om modellbibliotek
Da bibliotekorganisasjonane sitt felles nettverk - ”bibliotekparaplyen” - i mai samla seg om seks punkt dei ville ha kulturkomiteen
på Stortinget til å fokusere på, var modellbibliotek med:
”Modellbibliotek er en god metode i møte med mange og varierte utfordringer. Utviklingen av biblioteket som møteplass, kunnskapsallmenning,
kulturarena samt utvikling og drift av digitale tjenestetilbud vil kunne styrkes kraftig ved tilføring av FoU-midler. Et slikt
program må utarbeides og tilføres betydelige midler.”
Modellbibliotek som metode
No er det ikkje noko nytt for ABM-utvikling å bruke ”modellbibliotek” som metode i utviklingsarbeid. I prosjektet DIGIKOMBI
- Digital kompetanseheving i biblioteket – ”har ABM-utvikling valgt fire modellbibliotek som har fått penger til å utvikle
seg som læringsarenaer for digital kompetanse”, som dei skriv på prosjektbloggen. Etter ein søknadsrunde hausten 2008 fekk
folkebiblioteka i Arendal, Drammen, Lillehammer og Trondheim 450.000 kroner på deling for å utvikle ein modell som alle folkebibliotek
i landet skal kunne ta i bruk.
![]() |
| Ein ivrig biblioteksjef Torill Berge viser ei av planetane som blei laga før Antoine de Saint-Exupérys ”Den lille prinsen” blei framført på Gloppen musikkfest i fjor. Samarbeid med andre aktørar i kommunen er viktig for biblioteket. (Foto: Erling Bergan) |
Om det er ABM-utvikling som skal handtere modellbibliotekmidlane på statsbudsjettet no, er ikkje avklart. Det er heller ikkje sagt noko sikkert frå Kulturdepartementet
om midlane til modellbibliotek blir delt ut etter søknadsrunde, eller om andre metodar for utplukking vil bli nytta. Og om
modellbibliotekmidlane blir fordelt etter søknad, er det uklårt kva som i så fall vil skilje dette frå andre prosjektmidlar.
Kan vi risikera at ”modellbibliotek” endar opp som ein floskel?
Proaktiv bibliotekparaply
For å koma dette problemet i forkjøpet, har bibliotekparaplyen allereie starta førebuingane til lobbyverksemda før statsbudsjettet
for 2011. I november i fjor starta dei arbeidet med sine første skisser til kva for ”modellar” dei meinar er viktige å dyrka
fram. Meininga er å leggja fram heile modellspørsmålet til open og offentleg wiki-debatt.
Det er med andre ord fritt fram for å tenkje høgt om ”modellbibliotek”. Mange bør bidra i denne debatten: Bibliotekarar i
felten - som veit kvar skoen trykkjer. Fagfolka på bibliotekarutdanningane i Oslo og Tromsø - med sine analytiske innfallsvinklar
og kunnskapar om forskingsresultat. Og organisasjonsfolk – med sine breie nettverk.
Måten bibliotekparaplyen har takla denne utfordringa på, er ikkje vanleg i bibliotekkretsar. Her blir eit proaktivt løp førebudd
i relativt god tid, framfor å samlast om rettferdig og velformulert kritikk etter at ”slaget er tapt”.
Konkrete modellar
Også tidsskrifta bør bidra til debatt om modellbibliotek, sidan dette ser ut til å verte ein viktig metode i bibliotekutviklinga
i åra framover. I Bibliotekaren gjer vi det på vår måte. I boksane på slutten av denne artikkelen, finn du ulike mogelege
modellbibliotek. Ideane er i stor grad inspirert av bibliotekparaplyen sine førebuingar til wiki-arbeidet om dette. Men bibliotekparaplyen
skal ikkje lastast for Bibliotekarens frie redigering av modellane.
Det kan vere skummelt å formulere konkrete modellar for bibliotek. Men det er Kulturdepartementet som byr opp til denne dansen,
og då er det lurt å delta.
Det er også grunn til å minne om at ”modellbibliotek” må oppfattast som eit fleirtalsord. Det er ingen grunn til å leite etter
den eine forløysande modellen, for han finst ikkje. Det vil vere ei rekkje modellar, for ulike lokalsamfunn. Store og små.
Urbane og rurale. Osv. Truleg er det nokre element i modellane som kan få stor gjennomslagskraft, medan andre element berre
bør nyttast der forholda ligg til rette.
![]() |
| Gloppen folkebibliotek driv eit dynamisk og moderne bibliotek, med stor spennvidde i tilboda. Her kikkar ein brukar gjennom cd-samlinga. Kunstbøker, dikt, lydbøker og barnebøker i bakgrunnen. (Foto: Erling Bergan) |
Trivselshagen
Tilbake på Sandane tar Torill Berge meg med på ei omvisning i biblioteket, og i heile bygget ”Trivselshagen”. Her er liv og
røre på alle kantar. Kafeen i bygget summar av folk, hovudsakleg elevar frå den vidaregåande skulen no midt på dagen. Store
glasvegger mellom bibliotek og kafé gjev ei oppleving av at biblioteket er del av noko større.
Når vi snur oss, får vi forsterka dette inntrykket: Store glasruter gjer biblioteket nærast til en del av fjordarmen utanfor,
med fjella i bakgrunnen. Og om ein ynskjer å samle ei gruppe barn eller vaksne, og skape ei heilt spesiell stemning, har biblioteket
eit ganske så kuult rom til slikt. Det er trill rundt, med putebenkar å sitte på langs veggen. Med god akustikk og alle teknoknottar
gøymt bak eit forheng, er det fullt mogeleg å lese eventyr her utan at barna blir opptekne av noko anna. Då vi var der, held
ei gruppe vidaregåande elevar på med å framføre forfattaromtale for kvarandre.
Del av noko større
Gloppen folkebibliotek er eit vellukka bibliotek. Dei låg godt over landssnittet for både besøk og utlån i 2008. Så får vi
sjå kva 2009-statistikken vil vise. For flyttinga til Trivselshagen har vore eit lurt grep. Her er det nok mykje å lære for
andre. Men om dette er ein modell, er det ikkje heilt klårt kva ein skulle kalle det. Kanskje suksessen i Gloppen handlar
om å vere del av noko større - i eige lokalsamfunn. Om å samarbeide med mange ulike aktørar, utan å måtte krysse kommunegrensa
og slå seg saman med andre bibliotek. Kanskje mykje av suksessen handlar om noko så lite spektakulært som god drift?
![]() |
| Bøker, nettverk, musikk, flerkulturelt, spillkveld, tidsskrift, barnebibliotektilbod, arrangement, aviser - you name it! Det dei held på med i storbybibliotek, held dei også på med i Gloppen folkebibliotek. (Foto: Erling Bergan) |
Mykje arbeid med søknadane
- Mitt fokus er ikkje nødvendigvis å bli så bra og bli lagt merke til i bibliotekverda. Eg er så pass nede på jorda at mitt
første fokus er å lage et best mogeleg bibliotektilbod for dei som bur i Gloppen kommune, ut frå dei rammene vi har. Viss
dette kan vere av interesse for andre, så er det for så vidt fint. Men det kan også bli eit forstyrrande element. For det
er krevjande nok i seg sjølv å få til det dynamiske biblioteket vi ynskjer å vere i lokalsamfunnet framover. Det er så mange
sider ved det, og det fyller i grunnen arbeidsdagen min. Eg har eigentleg ikkje tid til å vere eit eksempel for andre. Dei
biblioteka som har litt fleire folk og litt større fagmiljø kan lettare ta seg av slikt. Men eg skulle jo gjerne hatt litt
meir hjelp til å gjere jobben grundig her, til å virke endå betre i lokalsamfunnet, seier biblioteksjef Torill Berge, som
medgir at ho gjerne skulle fått litt påtrykk, litt statleg hjelp, litt gulrøter eller noko anna…
- Mykje bibliotekutvikling skjer gjennom drift. Prosjektsøknader tar tid å arbeide fram, tid som ofte går på bekostning av
drift. Så difor er det eit tvieggja sverd å drive med prosjekt. Vi sendte inn søknad i fjor, og håpar vi får midlar til prosjektet.
Men i det store og heile kan det sjåast som misbruk av ressursar at vi sit alle saman og skriv masse søknader, medan berre
nokre av prosjekta blir realisert, hevdar Torill Berge.
Litt herifrå, litt derifrå
Biblioteksjefen i Gloppen har ikkje sjølv noko bibliotek som har stått modell for utviklinga av biblioteket i Trivselshagen.
Ho har vore på studieturar i Danmark, ho har lese om andre bibliotek i Noreg og sett andre i Sogn og Fjordane. For Torill
Berge, som for mange andre, blir det å plukke idear, litt herifrå, litt derifrå.
- Er det nokre spesielle område av bibliotekdrifta kor du gjerne så at det blei utvikla modellbibliotek?
- Eg synest det er spennande med aktiv formidling, som handlar om meir enn å samle og stille ut. Det kunne vore interessant
å få fleire idear til slikt arbeid. Og å sjå dette i samanheng med nettet. Og så er det spennande med dei som går laus på
dei fysiske samlingane på ein annan måte, som for eksempel den mykje diskuterte modellen frå København, med meir materiale
på magasin og tydelegare profilering av nokre delar av samlingane.
Samarbeid om barneopera
No må det seiast at Gloppen folkebibliotek definitivt ikkje er nokon sinke når det gjelde aktiv formidling. Saman med Gloppen
musikkfest har dei gjort svært mykje med dette. Operaen ”Heksene”, basert på Roald Dahls bok, med musikk av Marcus Paus og
libretto av Ole Paus, blei bestilt og framført på Gloppen Musikkfest i 2008.
- Vi jobba mykje med Heksene på førehand, skuleklassar blei invitert til å komme på biblioteket, det var opplegg om boka,
og så jobba dei vidare med boka på mange forskjellige måtar i klassane. Vi lånte ut klassesett på Heksene. Det blei jobba
med kreative uttrykk, dei lagde kostar og svære hekser, både teikningar og fysiske ting. Dette blei stilt ut på biblioteket
og mange stader i lokalmiljøet. Lokalavisa hadde vekas heks, og nokre drypp om Roald Dahl og Heksene kvar veke før premieren.
Heilt fram til premieren i august, med full aula for ein barneopera på Sandane!
![]() |
| - Om vi er modellbibliotek? Vi er i kvart fall ein modell, som ein gjerne kan sjå på. Men eg er i tvil om modellen er så uvanleg, seier biblioteksjef Torill Berge i Gloppen kommune. (Foto: Erling Bergan) |
Prinsar, heksar, eventyr og folkemusikk
I fjor samarbeidde biblioteket med Gloppen musikkfest om framsyninga ”Den lille prinsen”. Og i år vil dei utvikle dette samarbeidet
vidare, ved å førebu og produsere ei framsyning med utgangspunkt i eventyr og folkemusikk. Difor har Torill Berge søkt om
midlar frå ABM-utvikling til prosjektet ”Undrande møte”. Om dei får pengar, kan dei legge ein alen til biblioteket si utvikling.
Om dei ikkje får pengar, treng Torill Berge i kvart fall ikkje konkurrere med si eiga daglege drift.
Modellbibliotek - i teori og praksis
Biblioteksjef Torill Berge har sine ord i behald. Gloppen folkebibliotek er kanskje ikkje eit modellbibliotek, men dei er
i alle fall ein av mange mogelege modellar. Så står det att å sjå korleis bibliotekstyresmaktene, om det blir ABM-utvikling
eller Nasjonalbiblioteket, vil styre modellbibliotekverksemda. Om dei vil stimulere ”best practice” på ulike arbeidsfelt,
eller om dei vil støtte meir reindyrka heilskapelege bibliotekvisjonar. Om dei vil invitere til fri søknadsskriving, eller
invitere aktuelle kandidatar til ein meir styrt prosess.
Uansett vil bibliotekparaplyen sitt initiativ kunne vere nyttig for korleis desse midlane på statsbudsjettet blir nytta.
[Heile artikkelen står i "Bibliotekaren"s januar-nummer 2010, som er hos medlemmar og abonnentar no. Tidsskriftet vert også tilgjengeleg som pdf i vårt nettarkiv.]
Stor besøksauke i
Gloppen folkebibliotek i 2009
Folk i Gloppen set stor pris på biblioteket sitt, melder deira eiga nettside. Stadig fleire tek biblioteka aktivt i bruk,
noko statistikken for 2009 tydeleg viser. 2009 var det første heile året i det nye biblioteket i Trivselshagen. Besøket i
det nye biblioteket har auka med 79% frå året før. Utlånet har auka frå 41.855 til 46.725 - altså opp 12% frå 2008. Dette
er samla utlånstal for alle tre avdelingar i kommunen.
Biblioteket i Trivselshagen har hatt ei tydeleg auke i utlån av bøker til voksne, og film for alle aldrar. Glopparane lånte
i gjennomsnitt 8,2 bøker, lydbøker, filmar og spel i 2009.
![]() |















