![]() |
| Heile menneske: Mette Rysjedal får fram ein viktig bodskap om stillingsstorleik, bibliotekarar og kjønn. |
Firda har ikkje berre trykt innlegget til Mette Rysjedal, som også er vara til forbundsstyret i Bibliotekarforbundet. Avisa har også køyrt saka på framsida! Tittelen er "NB! ... men jobben er berre deltid", og undertittelen "Difor kjem mange aldri tilbake til fylket". Og hovudartikkelen kjem på side 3: "Vil heim, men flyttar ikkje til deltidsjobb".
I oppslaget på side 3 heiter det mellom anna:
"For 32-åringen frå Leirvik er det mangelen på heile stillingar i yrket hennar som bibliotekar som er grunnen til at ho inntil
vidare held seg i Oslo der ho har budd sidan ho starta studere i 2002.
Men Rysjedal følgjer med på stillingsannonsane i heimfylket sidan ho vurderer å flytte heim. Nyleg oppdaga ho ei utlysing
for ei bibliotekarstilling i Fjaler kommune på 80 prosent.
– Eg blei litt irritert då eg såg dette. For meg som har studielån og rekningar å betale, så vil eg sjølvsagt ha ei full stilling.
Dessutan meiner eg dette viser lite respekt for min profesjon at det ikkje er ei heiltidsstilling. Dette gjeld også alle dei
andre brøkstillingane som blir lyst ut her i fylket. For min del er dette uinteressant å flytte heim til, seier 32-åringen."
Heile avisa kan kjøpast og lesast på www.firda.no
Innlegget til Mette Rysjedal i avisa Firda:
Eit fylke for heile menneske?
Vil verkeleg kommunar i Sogn og Fjordane ha oss utflyttarar heim etter fullført høgare utdanning? Trur desse arbeidsgjevarane verkeleg at vi kjem heim til brøkstillingar og brøklønn? Kven skal betale studielånet vårt då? Ektefellen?
----------------------------------
Av Mette Rysjedal,
Oslo (tidlegare Hyllestad)
Meiner kommunane i trivselsfylket at vi med høgare utdanning bør ta til takke med brøkar av stillingar? Eg må spørje, etter
å ha sett at Fjaler kommune lyser ut 80% stilling som biblioteksjef. Samtidig veit vi at kommunane i Sogn og Fjordane jobbar
iherdig med å leggje til rette for få folk til å flytte heim. Eit billig og effektivt tiltak er å gløyme brøkrekninga og invitere
heile menneske heim.
SJØLV ER EG UTFLYTTA hyllestading, utdanna bibliotekar og jobbar ved Deichmanske bibliotek i Oslo. Tanken på ein gong å flytte heimover er ikkje
framand, men eg er ikkje interessert i 80% stilling. Eg vil ha ein arbeidsgjevar som tek meg og profesjonen min alvorleg.
Eg har skaffa meg fagkompetanse, og har eit studielån som må betalast. Ved å lyse ut bibliotekstillingar i 100% har ein større
sjanse for å få søkjarar som har den faglege kompetansen som er kravd, spesielt som biblioteksjef. Folkebiblioteklova seier
klart at alle kommunar skal ha fagutdanna biblioteksjef. Heile stillingar kan altså føre til at folk som har flytta ut for
å få seg ei utdanning kunne tenkje seg å flytte attende.
BLANT BIBLIOTEKARAR, akkurat som hos sjukepleiarar, er kvinner i fleirtal. Det store talet brøkstillingar i kvinnedominerte yrke fortel meg
at ønsket om å få folk med høgare utdanning tilbake ikkje stikk så veldig djupt. Om lag halvparten av kommunane i Sogn og
Fjordane har ikkje fagutdanna biblioteksjef og mange har stilling på deltid.
Eit bibliotek er eit tilbod til kommunen sine innbyggjarar på lik linje med barnehage og skule. Det er ein samanheng mellom
kva ressursar du puttar inn i denne tenesta og kva du får ut att. Fagutdanna personale gir utvilsamt eit betre bibliotek,
som må sjåast på som ein enorm ressurs i lokalsamfunnet. Oppgåvene til biblioteket er mange: det er ein ressurs for dei som
tek vidareutdanning heime, biblioteket jobbar med lesestimuleringstiltak for å auke leseevna blant folk (jf. PISA), det er
ein møteplass, ei enorm kjelde til informasjon og kunnskap, og ikkje minst formidling av kultur. Med gode opningstider vert
biblioteket ein samfunnsnyttig institusjon som kommunen verkeleg får att for å investere i. Næringsliv og lokal aktivitet
kan stimulerast gjennom biblioteket, om ein satsar på det.
DELTID ER EI lettvint løysing når ein må spare pengar. Men løner det seg eigentleg? Likelønnskommisjonen har slått fast at den store
mengda deltidsstillingar er eit samfunnsproblem. I tillegg er det kvinnerelatert og rammar spesielt dei som har høgskuleutdanning.
Alle arbeidstakarar bør ha rett til heil stilling i utgangspunktet. Om ein vil ha deltid i periodar, grunna t.d. omsorgsoppgåver,
er ei heilt anna sak.
Eg har ei utfordring til kommunane i Sogn og Fjordane: La det vere jobb nummer ein å syte for heile stillingar og ei rettferdig
løn i kvinnedominerte yrke! Då vil også kvinner med høgare utdanning vende tilbake. Vi sjåast?
Firda 22. september 2009







